Tryggleik

OBS! Ved henting av startnummer må alle deltakarar skrive under på ei ansvarserklæring med utgangspunkt i reglementet under.  

 

Reglement/Tryggleik

 

-All deltaking skjer på eige ansvar. Arrangøren har sterkt fokus på tryggleik og arbeider for å gjere arrangementet så trygt som muleg.          

-Arrangøren tar ikkje på seg ansvar for økonomiske følgjer av uhell/skader som måtte inntreffe under arrangementet.   

-Dette er eit ”gentlemans sport” arrangement. Med ”gentlemans sport”  meiner me at alle deltakarar pliktar å følgje sunt folkevet. Hovudfokus er tryggleiken til alle deltakarane. Det vil seie at alle som deltek er forventa å stoppe opp og hjelpe dersom det skulle oppstå uhell/skade. Dersom ein blir tatt i juks, er ufin mot andre deltakarar eller gjer andre handlingar som er i strid med prinsippa for ”gentlemans sport” står arrangøren fritt til å diskvalifisere og straks ta deltakaren ut av tevlinga. Arrangøren er ved slike avgjersler einerådande, autonom og autoritær, og det er ikkje høve til å påklage avgjersla.

- Dersom ein er under fylde 18 år må ein ha med fullmakt frå føresette for å kunne delta.

- Deltakarane stiller i valfritt symjeutstyr. Men alle må ha på seg gul badehette under symjinga. Denne blir utlevert før start. Sjøen kan vere kald på dette tidspunktet, og me vil difor sterkt anbefale våtdrakt. Skulle temperaturen i sjøen vere under 14,0 grader celcius vil det bli påkrevd med våtdrakt.

-Det er ikkje lov med ryggsvømming. Dette på grunn av tryggleiken til symjarane.

- Dersom ein får problem under symjinga, stopp opp og strekk ein arm i været. Ein følgjebåt vil komme til for å hjelpe.

-Vanlege trafikkreglar gjeld under sykkeletappen. Sykling på fortau er ikkje lov (med mindre ein syklar i gangfart). Det vil kome meir informasjon om kvar politi/løypevakter står under sykkel og springeetappen.

- Alle typar sykkel kan bli brukt. Deltakaren er ansvarleg for at sykkelen er i god stand. Det er krav om bruk av CE-godkjent hjelm under heile sykkeletappen.

- Det er forbode å ligge på hjul etter ein annan syklist. 

- Det vil være følgjebiler i løypa under sykkeletappen. Den eine av desse vil ha sanitetsperonell i bilen. Den andre vil køyre etter siste syklist.

- Påmelding er bindande når ein har betalt påmeldingsgebyret. Det vil altså ikkje vere mulig å få refundert påmeldingsgebyr ved avlysing av arrangementet, eller om deltakaren skulle trekke seg. MERK: Arrangøren vil ha ein svært høg terskel for å avlyse arrangementet. Det må då vere snakk om hendingar/høve som gjer det umogleg tryggleiksmessig å arrangere tevlinga.

- Brot på eit eller fleire av punkta i dette reglementet vil medføre diskvalifikasjon og deltakaren vil straks bli tatt ut av tevlinga.

DESIGN BY WEB-KOMP