Arrangementsinfo

Monsterløpet er ein konkurranse som er vakse fram av lokalt engasjement frå unge samningar. Formålet med løpet er å fremje idrettsglede, konkurranselyst og ikkje minst å rette fokus mot ei gruppe born som ikkje har same høve til fri aktivitet som det me har. Det siste mellom anna gjennom at alt overskot frå arrangementet går til organisasjonen Thembalethu Care Organization. Til sist ønskjer me gjennom Monsterløpet å spreie engasjement i lokalsamfunnet på Tysse, og å promotere denne vakre og historiske delen av bygda vår.

 

Bakgrunn

Monsterløpet 2019 er femte offisielle arrangement av denne 4-athlon tevlinga. Men konkurransen har i mange år vore arrangert blant lokale hardbarka Samningar som ei uoffisiell tevling på jakt etter Samningamonstrane.

I Monsterløpet vert ein prøvd i symjedugleik, styrke, sykling og springing. Tevlinga vart grunnlagd spontant av dugandes samningar tilbake i 2010. Då hoppa 6 menn uti midtfjords i Samnangerfjorden og la på svøm ca 1,2 km til næraste fastlandsstripe. Vidare var det terrengløp, sykling og motbakkeløp før målgang.I år er det 10-års jubileum for Monsterløpet om me reknar med dei første uoffisielle tevlingane! Ønskjer du å mimre så sjå avisutklipp frå tidenes fyste Monsterløp nest på denne sida.

Seinare er løypa blitt endra og forbetra for kvart år både for å gjere den meir publikumsvennleg, og for å finne dei beste øvingane og lengder på dei ulike etappane. Traseên for 2019 vil vere heilt ny og endå meir publikumsvennleg. Me er sikre på at me har funne ei optimal løype som vil utfordre styrken, fysikken, uthaldet og mentaliteten til samtlege deltakarar! 

 

Dei ulike klassane:

Monsterløpet originaldistanse, individuell klasse: 4 etappar: 600 meter symjing, start og mål på Tyssekaien. 600 meter kannebæring (20 kg kvar arm for menn, 10 kg kvar arm for kvinner) med innlagde 20 burpees. 26 km sykling, 2 gongar t/r Bjørkheim. 5 km sprint i opp og ned langs Tysseelva. Målgang på Tyssekaien.

Juniorklasse (17-19 år) og bikkjeskinnklasse (>65 år): Etappelengdene for desse klassane er den halve av originaldistanse.: 300 meter symjing. 600 meter kannebæring med 10 kg (menn) eller 5 kg (kvinner) i kvar arm. 10 innlagde burpies undervegs. 13 km sykkel. 3 km løping.

Aspirantklasse (13-16 år): 100 meter symjing. 300 meter kannebæring. 7 km sykkel, t/r Nesodden. 2 km løping.

Lagkonkurranse: Same løype som individuell klasse, men her fordeler ein etappane mellom 2,3 eller 4 deltakarar. Her vil me utfordre våre kjære sambygdingar til å få med naboen, kollegaen eller vener og melde seg på med eit lag til ein uhøgtideleg, morosam og intens konkurranse.

Minimonsterløp (3-12 år): Valfri symjing. Sykkel/løpeetappe. Deretter enkel hinderbane gjennom Tyssegatene med innlagt løpebasseng. Medalje til alle! Skal du symje først må du ha løyve frå foreldre og bruke redningsvest!

 

Tidsplan for dagen:

Kl 10.30 Obligatorisk informasjonsmøte for deltakarar

Kl 11.45 Start Monsterløpet. Aspirantklasse. (13-16 år)

Kl 12.00 Start Monsterløpet. Individuell og lagkonkurranse

Kl 14.00 Start Minimonsterløpet – 12 år eller yngre

            14.00 - 3-6 år

            14.10 - 6-12 år, puljevis start inndelt etter alder

Kl 14.45 Premieutdeling

 

Sjå resten av heimesida for meir informasjon om løpet, og ikkje minst korleis du melder deg på!

 

 Reportasje frå første Monsterløpet sumaren 2010.

DESIGN BY WEB-KOMP