Thembalethu

Triatlongruppa i Samnanger har i år innleia eit samarbeid med Hjellvik Triatlon, eit tradisjonsrikt privat-arrangert triatlon på Osterøy. Det er via Hjellvik Triatlon at me og vart klar over organisasjonen Thembalethu Care Organization. Arrangøren av Hjellvik Triatlon, Espen Bø, har sjølv saman med familien vitja Thembalethu Care Organization i Sør-Afrika og arbeida der i fleire månadar. Me har og sjølv hatt god dialog med leiaren i TCO, Betsy Meyer, og har fått eit svært godt inntrykk av ein profesjonelt driven organisasjon der kvar krone kjem til nytte til dei som treng det. Alt overskot etter Monsterløpet 2019 går uavkorta til denne organisasjonen.

Thembalethu Care Organization (TCO) er ein kristen non-profitt organisasjon som driv eit idealistisk humanitært arbeid i eit av dei hardast ramma områda av HIV/AIDS i verda, i Amangwe Tribal Arrea, i KwaZulu-Natal provinsen i Sør-Afrika. Dei driv målretta arbeid for å hjelpe foreldrelause og sårbare born og familiar i lokalsamfunn som er hardt råka av HIV/AIDS epidemien, med ein overordna visjon om å (sitat) "share God’s love, raise awareness, promote and support loving care to those infected and affected by HIV/AIDS and poverty."

Området dei jobber, Amangwe Tribal Area, er eit svært landleg område med store avstandar, og har ei befolkning på 43.000. Det er særs lite anna hjelpearbeid retta mot befolkninga i dette området. TCO samarbeider tett med lokale myndigheter og kyrkjer, og grunna fokuset dei har på lindrande/palliativ behandling for pasientar med langtkomen AIDS er dei og medlem av Palliative Care Association of South Africa (HPCA). Thembalethus arbeidsstokk består per idag av: Direktør, frivillig finansansvarleg, sjef/sosialhjelpsassistent, sosialarbeider, profesjonell sjukepleier, kontoradministrator, 18 heimebaserte omsorgspersoner og 6 omsorgspersoner og frivillige.

 

Arbeidet til Thembalethu Care Organization er prosjektbasert. Per idag er dei engasjerte i 7 ulike prosjekt:

  1. Thembalethu trener og støtter heimebaserte omsorgspersoner - Opplæring og støtte til personar i lokalsamfunn innan helseopplæring (HIV / AIDS og ARV Behandling, TB, palliativ omsorg, støtte til foreldrelause og sårbare born, psykososial og andeleg støtte). Dei i sin tur bringer vidare denne informasjonen til våre pasientar og lokalsamfunnet elles.
  2. Heimebasert "Hospice Care" og "Adherence Support" - Thembalethu tar seg av over 100 pasientar kvar månad gjennom heimebaserte hospice-besøk. Det vert gitt gir palliativ sjukepleie, psykososial støtte, smerte- og symptomhandtering og andeleg støtte. Desse pasientane har blitt diagnostisert med HIV, TB, kreft og hjerneslag eller andre livsforkortande tilstander.
  3. Støttegrupper til HIV-positive ungdommar - Themabelthu har over 70 HIV-positive barn og unge i programma sine og har til no halde fire leirer for å støtte og lære desse borna med å forstå og akseptere sin sjukdom, handtere den, samd kor viktig det er med å ta medisinane sine.
  4. Foreldrelause og utsette born og ungdom - I dei landsbyane Thembalethu arbeider gir dei støtte til foreldrelause og sårbare barn og ungdom i heimane deira. Thembalethu har hjelpt mange familiar til å få fødselsattest og pleiehjelp og ta vare på seg sjølv. Dei gir og akutt ernæringsmessig støtte til underernærte og risikofylte barn, og gir HIV-testing og rådgjevning for born, samd skuleuniformer til de som har størst behov.
  5. Støtte til barndomsutvikling - Thembalethu støtter 26 landlege dagheimar i lokalsamfunna for å løfte barndomsutviklinga til den framtidige generasjonen. I workshops tilbyr dei opplæring og støtte gjennom: læreplanidear, leksjonsplanlegging, barnevern og helse, samd gir vidare donerte leiker og forsyningar. Dei tilbyr og måltid med mais i et dusin av desse dagheimane for å førebygge underernæring blant borna.
  6. Community Resource Center - Thembalethu har sine kontor midt i det landlege lokalsamfunna og opererer der som eit ressurssenter for fellesskapet. Ein gong i månaden arrangerer dei ein oppsøkande rehabiliteringstøtte i regi av Estcourt Hospital for å gi tale, fysioterapi, ergoterapi, diettist og oftomologisk støtte til funksjonshemma born og vaksne.
  7. Fellesskapsmobilisering - Thembalethu samarbeider med lokale partnarar for å auke bevisstheten om og forhindre spreiing av HIV / AIDS, TB og kjønnsbasert vald, med eit spesielt fokus på å hindre HIV-overføring frå mor til barn. Dei arrangerer, organiserer og snakkar på samfunnsarrangement, og følgjer opp med hiv-testing til de som ønskjer å kjenne få vite om borna deira er ramma av HIV. Dei arrangerer og leir for ungdom med fokus på livskvalitet, HIV og graviditetsforebygging. Thembalethu er og aktivt medlem lokale program og nettverk, og bistår statlige myndigheter i å betre borna si helse.

De finn meir informasjon om arbeidet til Themalethu på heimesida deira: http://www.ourhope.org.za/

 

 

DESIGN BY WEB-KOMP