Vinaora Nivo Slider 3.xVinaora Nivo Slider 3.xVinaora Nivo Slider 3.xVinaora Nivo Slider 3.xVinaora Nivo Slider 3.xVinaora Nivo Slider 3.xVinaora Nivo Slider 3.xVinaora Nivo Slider 3.x

Velkomen til Monsterløpet 08.09.2019!

 

Påmelding opnar 1. april!
 
Følg oss på facebook så får du oppdateringar!
 
Vil du vite meir om kva du går til, sjå offisiell fim frå Monsterløpet 2017:

https://www.youtube.com/watch?v=0w4_045K1WA&t=1s

Me har frå i år av etablert eit samarbeid med Thembalethu Care Organization. Alt overskot av arrangementet går til denne organisasjonen. Gjennom å delta vil du altså støtte det fantastiske og særs viktige arbeidet dei gjer for HIV/AIDS-råka born og familiar i eit område i Sør-Afrika. Les meir i eiga fane.

I år vil det vere eiga aspirantklasse (13-16 år) juniorklasse (17-19 år) og bikkjeskinnklasse (>65 år)! Sjå meir informasjon om etappelengder etc under arrangementsinfo.

 

Påmeldingsavgift

NB! Påmeldingsavgifta aukar med kr. 100,- per person frå 20. august!

Merk: Monsterløpet er del av terminlista til Norges Triatlonforbund. Det vil mellom anna seie at du vil vere forsikra gjennom lisensbetaling ved deltaking i løpet. I år er eingongslisensavgifta auka med frå 100 til 200 kroner (!). Dette rår me dessverre ikkje over, og difor vert påmeldinga noko dyrare enn i fjor.

Påmeldingsavgift individuell: kr. 200,- + evt kr 200,- i lisens dersom du ikkje har dette. 

Påmeldingsavgift lag: Kr 300,- per for lag med 2 lagmedlem, kr 400,- for lag med 3 lagmedlem, kr. 500,- for lag med 4 lagmedlem +  evt kr 200,- i lisens dersom du ikkje har dette.

Påmeldingsavgift junior og aspirant: Kr 100,- + evt kr 100,- i lisens for junior, og kr 50,- i lisens for aspirant.

Påmelding for individuell og lagklasse må gjerast via nettet. Trykk HER for å koma direkte til påmeldingssida. 

Påmeldingsavgift born: Kr. 50,-. Maks Kr 100,- per familie. Påmelding for born skjer på sjølve arrangementsdagen.
 

Meir informasjon om Monsterløpet: 

Monsterløpet er eit unikt løp med alle elementa frå ein vanleg triathlon, i tillegg til det (lille) ekstra! Kort og godt verdas einaste firathlon!

Dersom du har mot til å kjempe om Monstertittelen 2018 er du hjarteleg velkomen til Tysse i Samnanger 08.09.19

Tevlinga er går føre seg i 4 ulike etappar: Fyrst 650 meter symjing, deretter 600 meter kannebering, 10/20 kg i kvar arm, med innlagde 20 burpies undervegs, så 24 km sykling der ein må opp dei berykta Hagabakkane 2 gongar, før ein avsluttar med 5 km sprint på kuppert asfalt og grusveg rundt i Tyssegatene.

Det er og muleg å vere med som lag. Ein kan då velge å fordele etappane på 2,3 eller 4 personer. 

Vekslingar, kannebæring og målgang vil finne stad på Tyssekaien. Skildring av dei andre etappane finn de under fana arrangementsinfo

Det vil og bli arrangert Minimonsterløp med hinderbane +++ for dei frå 3-12 år. Påmelding til minimonsterløpet skjer på arrangementsdagen. 

 

 

 

 

 

DESIGN BY WEB-KOMP